Elevrådet på Nerlandsøy skule, skuleåret 2025/2026, er ein aktiv og engasjert gjeng som er opptekne av at alle elevane skal ha det godt på skulen. “Skulen vår er så kjekk og akkurat passe stor, for vi kjenner kvarandre så godt alle saman” seier dei.
Norsk Skolefoto
Våren 2025 stod ny gapahuk ferdig på Kvalsund, og elevar og tilsette på skulen brukar no gapahuken fleire gonger kvar veke. Foreldra har vore viktige aktørar på vegen fram mot ferdigstilt gapahuk, og i fortsettinga bidreg dei også med å snekre oppbevaringskasser. Elevrådet skal i samarbeid med skulen gjere innkjøp av utstyr som er fint å ha når ein er på uteskule.
Saker elles på skulen som elevrådet medverkar i er aktivitetar i nokre faste friminutt kvar veke. Då sett nokre aktivitetsleiarar i gong ulike leikar, slik at alle på skulen skal ha tilbod om å vere med å leike.
Elevrådet skal arbeide for fellesskap og vere gode førebilete. Ein flott gjeng:-)