Ordensreglar

Ordensreglar

Her finn du ordensreglar for Nerlandsøy skule.

 

Om morgonen - før skulestart:

  • Alle elevane som vèl å vere inne, finn plassen sin i sitt eige klasserom og sit roleg der.
  • Elevane kan og vere ute til kl. 08.15 viss dei ynskjer det.

Helse på kvarandre:

  • Vi helser på kvarandre om morgonen.
  • Elevane reiser seg fyrste gongen dei har læraren.

Klasseromma/andre undervisningsrom:

  • Det skal ryddast etter siste timen i klasserommet.
  • Stolane skal setjast på pulten.

Uteområdet:

  • Vi snakkar fint til og om kvarandre.
  • Vi behandlar kvarandre med respekt.
  • Vi bruker ikkje rekkverk mot vegen og på ballbingen til å sitje på.
  • Vi leikar ikkje ved /på vegen.
  • Syklar/sparkesyklar skal ikkje nyttast i skuletida.

Gang og garderobe:

  • Vi snakkar fint til og om kvarandre.
  • Vi behandlar kvarandre med respekt.
  • Vi går stille og roleg til klasserommet.
  • Vi heng opp utekleda og set på plass sko/støvlar.
  • Vi let andre sine ting vere i fred.

Friminutta:

  • Alle elevane skal ut i friminutta.

Mobil:

  • Mobil skal ikkje brukast på skulen.
  • Om mobil er med, skal han ligge avslått i sekken.
  • Desse reglane gjeld på skulen sitt område frå kl 07.45 til kl 16.30

Frukt:

  • Ordenseleven/elevane hentar og deler ut frukt

Mjølk:

  • Ordenseleven/elevane hentar og deler ut mjølk.

Snop:

  • Snop/tyggis er berre tillate ved særskilde høve.