Satsingsområde 2023/2024

Satsingsområde 2023/2024

Skulen har desse satsingsområda dette skuleåret:

Nerlandsøy skule har som mål å utvikle vår felles praksis knytt til inkluderande læremiljø. I klasserommet skal vi ha plass til alle elevar, uansett føresetnader. Å møte elevar som kan utfordre oss på ulike vis, på ein god og utviklande måte er viktig i vårt arbeid. For å kunne utvikle oss legg vi vekt på korleis vi som profesjonsfellesskap samarbeidar og kjem fram til ny felles praksis. Lesing i alle fag har i fleire år vore ei satsing i Herøyskulane og vil halde fram også skuleåret 2023/2024. Skulen ynskjer å bruke tid på å implementere den nye leseplanen for trekløverkommunane Sande, Ulstein og Herøy.