Måltidsglede, leik og inkludering
Nerlandsøy skule SFO har jmf. rammeplan for SFO, tre fokusområder. Måltidsglede, leik og inkludering.
Vi er opptekne av at borna skal få servert eit godt måltid i lag med oss vaksne. Måltidsglede og måltidsrutiner er viktig i kvardagen, og vi trur at dette er med på å gjere SFO til ein god og trygg stad å vere. Likeeins leiken som er viktig både for å kjenne at ein høyrer til, for å utvikle sosiale ferdigheiter, og berre for å ha det gøy i lag, er også noko som vi på SFO har fokus på. Frileik og/eller vaksenstyrt leik er viktig for å legge til rette for at alle skal kjenne seg inkluderte uansett føresetnader.
SFO-koordinator er Aud Ingebrigtsen.
Telefonnummer til SFO er: 481 78 905
SFO har opningstid til kl.16.30 måndag til torsdag, og til kl.16.15 fredag.