Ruta starta i Einedalen og gjekk vidare til Frøystadtoppen, før elevane tok turen opp til Vardeheida – den første toppen med turbok. Deretter gjekk dei vidare til Sollida, der dei også fekk skrive seg inn i boka.
Turen heldt fram ned til Rotdepelen og vidare mot Leinebygda, før dei svinga opp att til dagens siste mål: den nye gapahuken på Leinane, «Bjørnehiet». Totalt blei det ein rundtur på om lag 7 kilometer og rundt 400 høgdemeter.
På veg nedover kunne elevane også oppdage fleire hjarte og bjørnar som prydar skogen frå Nærøya – dekorasjonar som er laga av elevar i arbeidslivsfag på 10. trinn.