Overnattingstur på Kråkeøya med friluftsliv på 9.trinn

Onsdag ettermiddag (veke 24) gjekk elevane på 9. trinn friluftsliv om bord i båtane med telt, soveposar, grillmat og godt humør – klare for ei natt på vakre Kråkeøya. Då dei steig i land, sette dei straks i gang med å rigge leir og gjere seg klare for kvelden.

Øya vart utforska, og dei gamle husmurane vart ein naturleg samlingsplass. Der fekk elevane høyre spennande historiar frå Jostein Storøy, som delte både bilete og forteljingar frå gamle dagar på Kråkeøya. Solnedgangen vart eit magisk syn – eit fargespel over havet som mange vil hugse lenge.

På menyen stod pølser, burger og kreative pannekaker steikte av turleiarane. Kanskje litt rare men overraskande gode! Stemninga var på topp langt ut i natta, og både latter og gjesp prega morgonen etter.

frukost og pakking sette elevane kursen tilbake til skulen – litt trøytte, men fulle av gode minner!