Om skulen

Om skulen

Ytre Herøy ungdomsskule er ungdomsskulen for elevane som soknar til den delen av Herøy som ligg ut om Herøybrua, og du finn oss på haugen mellom Borga og stadion.

Skuleåret 2023-2024 er vi 247 elevar og 43 tilsette ved skulen vår. Elevane er fordelte på til saman 11 klasser. Vi arbeider hardt kvar dag for å leve opp til mottoet vårt som er at Ytre Herøy ungdomsskule skal vere «ein god stad å vere – ein god stad å lære».