Vere saman og Regnbogeløva

Vere saman og Regnbogeløva

Vi har dei siste året jobba med pedagogisk plattform med utgangspunkt i

Diana Baumrind sin teori om vaksenstilar. 

Ho seier noko om eit godt oppvekstmiljø for barn og gir dei vaksne ein modell å leve opp til

Retning: Autoritative vaksne  -  Varme vaksne med tydelige grenser.  

Den innebere ein kombinasjon mellom innleving frå varme vaksne og tydelige grenser som den beste tilnærminga pedagogar og personale i barnehagar kan ha i møte med barn.

God oppdraging er knytt til balansen mellom å vise kontroll og varme overfor barn.

Den vaksne :

  • gir tryggheit og gode rammer.
  • oppmuntrar og forsterkar det positive.
  • lyttar til barnet og viser respekt.

Dei vaksne må sjå kva som må til for å være den autoritative rundt barnet og invistere i relasjonen. Det vert kalla for «banking time» 

Dersom relasjonen er på plass og i pluss så vil barnet lettare klare å sjølvregulere seg.

Den autoritative vaksne griper inn med planlagde reaksjonar og er tydeleg på kva som ikkje er akseptert. t.d mobbing. 

Denne vaksen stilen er eit grunnleggande prinsipp i barnehagen og utgjer ein viktig del av barnehagen si plattform og dei vaksne si felles forståing. Prinsippet går ut på at dei vaksne utøvar sitt yrke i ein dynamisk kombinasjon av varm relasjonbygging til barnet og ein tydelig vaksenstil når det gjeld å sette krav og grenser.

 

 

 

 

 

 

 

Løvelova:Kan du løvelova, eg skal vera meg
Men gje plass for andre, slik at dei blir seg.
Bry meg om ein annan, hjelpa når eg kan.
Slik blir livet betre for barn i alle land.                                                             
Ser du ein som plagast? det er ikkje bra!
Alle må stå saman om å sei ifrå!
Alle barn på jorda har den same rett
til å vera trygge og til å bli sett!

Metode med barna er opplegget « VÆRE SAMMEN ».

Verdigrunnlaget i løvelova skal  værte innarbeida  i  vårt arbeid og korleis vi møter oss sjølv og andre.

«Være Sammen» har stort fokus på relasjonen si tyding for barnet sitt sjølvbilde og tidleg normdanning. Dette veit vi er ein faktor  som førebygger negativ åtferd og utestenging/mobbing. Det er gjennom den varme, grensesettande vaksenstilen at barna føler seg trygge og vert sett for den dei er. Trygge barn som tek plass, og samtidig gir plass til andre – det er inkludering på sitt beste.