Kajakkeventyr i Herøy

Kajakkeventyr i Herøy

Det å oppleve omgjevnadene frå sjøsida gir eit heilt anna perspektiv. Du kjem heilt ned på vassflata og kjenner saltsmaken og sjøbrisen mot andletet. Her kan du smyge deg innimellom holmar og skjer, og du kjem tett på dyre- og fugleliv.

Kajakkar på plenen framfor Herøy kystmuseum - Klikk for stort bilete Eileen Gjerde

Mange har god kompetanse på friluftsliv og klarer fint å ta seg fram både til vass og til lands på ein trygg måte. Likevel er det mange gode grunnar til å velje ein guida tur når du først skal besøke eller utforske eit område frå kajakk. I tillegg til å sikre rammene for ei trygg og god
oppleving, har ein guide også kunnskap om dei små løyndomane som du ikkje vil finne på eiga hand. Guiden kjenner dei finaste stadane og beste opplevingane i området. Herøy har eit stort utval av padleruter. Her er mange øyer, sund, holmar og skjær som du kan utforske anten på ein dag eller med overnatting undervegs. 

Eventyret ventar!

Herøy Kystmuseum og Opplev Runde leverer i samarbeid guida kajakkturar med historisk innhald, med base på Herøy Kystmuseum.

Les meir og bestill opplevinga di her: https://www.opplevrunde.no/

Artikkelliste