Opningstider og billettar

Opningstider og billettar

Herøy kystmuseum har faste opningstider for omvising om sommaren og etter avtale i perioden september-mai. I tillegg til å besøke museet med turistinformasjonen, kaféen, krambua og pilegrimsmottaket, anbefalar vi ei vandring på øya med sin nydelege skjergard og vakre kystnatur. Staden er eit ynda tur- og rekreasjonsmål!

Interiør frå storstova i hovudhuset - Klikk for stort bilete Cecilie Hatløy

Opningstider 2025

Kl. 12-16 (ved arrangement kan opningstidene variere)
Kvar helg 31. mai - 31. august
Kvar dag 5. juli - 27. juli (fellesferien)

Museet er ope etter avtale i perioden september-mai.
Ta kontakt med oss på e-post kystmuseum@heroy.kommune.no dersom du ynskjer å gjere avtale om å besøke museet.

Billettar

Entré inkluderer guida omvising på Herøy kystmuseum og den gamle kyrkjestaden kvar heile time frå kl. 11 til kl. 16. Guidane våre har kunnskap om løyndomar du ikkje vil finne på eiga hand og kjenner dei beste historiene frå menneska som har hatt sitt liv og virke på Herøya.  

Born: 0-5 år gratis
Born/ungdom: 6-17 år kr. 60,-
Student: kr. 110,- (ved framsyning av studentbevis)
Honnør: kr. 110,-
Vaksen kr. 120,-
Familie: 300,- (inntil fem personar og to vaksne)
Ledsager/Følgjar: kr. 0,- (ved framvising av ledsagerbevis/følgjekort)

Ta kontakt med oss for pris dersom du ynskjer å besøke museet med ei gruppe. 
Vi tilbyr omvisingar heile året. 
Eigne prisar for samarbeidspartar, skuleklasser, barnehagar m.v.

All organisert bruk av kystmuseet og hagen rundt, inkludert omvising, piknik for grupper, vielsar m.m. må avtalast med administrasjonen ved Herøy kystmuseum.