Kunst- og salsutstilling

Kunst- og salsutstilling

 

Herøy produksjon skal ha kunst- og salsutstilling for å markere «Verdsdagen for psykisk helse». Her vil du finne  kunst av dei som arbeider her og ein masse flotte produkt.

I sin markering har Herøy produksjon temaet «inkludering og moglegheiter».

Fredag vart «den grøne benken» i sentrum opna. Denne har Herøy produksjon laga slik at alle kan sette seg ned for ein prat ved Fiskarkona.

Utstillinga varer frå måndag 4. oktober til og med  8. oktober i tida 09.00-15.00. Det vert 100 kroners marknad, utdeling av gratis tennbrikkar, gummihjerte (stresshjerte)  og kaffi.

Plakat for utstillinga (PDF, 5 MB)

Velkomen innom!