Viktig info om fjernlån. - Herøy folkebibliotek

Viktig info om fjernlån.

Norsk Bibliotektransport er konkurs, og det påverkar fjernlån i heile landet. 

Det betyr at bøker vi har bestilt frå andre bibliotek kan bruke lengre tid enn vanleg. Det blir jobba med alternative løysingar, men vi ber om litt ekstra tolmod i ein periode til ny transportordning er på plass. 

Takk for forståinga!

---

Meir informasjon:

Herøy folkebibliotek fekk 14. april melding om at Norsk Bibliotektransport (NBT) er slått konkurs. Kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular i Møre og Romsdal og resten av landet har i fleire år hatt avtale med NBT om transport av bøker mellom biblioteka.

Denne ordninga har gjort litteraturtilbodet større for det enkelte biblioteket. Dersom biblioteket ditt ikkje hadde ei bok sjølv, kunne ho lånast inn frå eit anna bibliotek som fjernlån og sendast vidare med Norsk Bibliotektransport.

Kva betyr dette for deg som bibliotekbrukar?

I ei tid framover vil det ikkje vere mogleg å bestille bøker direkte frå andre bibliotek enn ditt lokale bibliotek.

Mange lånarar har òg bestilt bøker frå Nasjonalbiblioteket sitt depotbibliotek i Mo i Rana. Også der er det no mellombels stengt for at lånarar kan bestille sjølve.

Dersom du har lånt bøker i ein annan kommune og ønskjer å levere dei hos oss i Herøy for retur til eigarbiblioteket, kan du framleis gjere det. Bøkene blir då liggjande hos oss til transportordninga er i gang att.

Kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular vil no samarbeide om å få på plass ei ny og god ordning for transport av bøker mellom biblioteka. Vi veit førebels ikkje når dette vil vere klart.

Vi vil informere om endringar etter kvart som vi får betre oversikt.

 

NBT ber om at det åpnes konkurs | Bibliotekenes

 

Stabel med bøker og snigel attmed brev og timeglas - Klikk for stort bileteStabel med bøker og snigel attmed brev og timeglas Kunstig intelligens

Artikkelliste

Visar 11-20 av 20 artiklar , side 2 av 2