LånekortLånekort får du på biblioteket. Alle som er busett i Noreg har rett til å få lånekort, og kortet er gratis for nye lånarar. Personar over 15 år må vise gyldig legitimasjon med bilete og personnummer. Barn må ha begynt på skulen (6 år) for å få eige kort. Barn under 15 år må ha underskrift frå en av sine føresette for å få Nasjonalt lånekort (sjå under).Hugs: Ta alltid med lånekortet når du kjem for å låne Lånekortet er personleg. Det er ikkje lov å låne på andre sine lånekort utan samtykke. Lånekortet sin eigar er ansvarleg for det som lånast på kortet. Føresette er ansvarlege for det barn låner Føresette har ansvar for å rettleie barna slik at dei lærer å overhalde lånefristane og ta å vare på biblioteket sitt materiell Alle nye lånarar må sette seg inn i lånereglaneLokalt lånekort kan du bruke i Herøy, Sande, Ulstein og Hareid folkebibliotek.Nasjonalt lånekort kan du lage her og bruke i alle bibliotek i Noreg.Mista/tapt kort. Det er gratis å få lånekort. Gi beskjed til biblioteket om du mister kortet, eller det blir stole. Biblioteket vil sperre det for å unngå misbruk inntil du får ordna med nytt kort. Publisert av Wenche Moltu Sist endra 25.06.2025 12:30
Bibliotekkortet på mobilen! Dersom du er registrert i Nasjonalt låneregister, kan du logge inn på Bibliotekkortet.no og bruke strekkoden der til å låne bøker på bibliotek i heile ...