Sommarferien tek til

Sommarferien tek til

No er det sommarferie i barnehagen vår. Etter nokre fine vår og sommarmånader med mange ulike  inntrykk ventar dagar heime med familie og vener, og så møtast vi igjen i august.

I barnehagen vår har vi jobba med ulike følelsar vi kan kjenne på med hjelp frå det pedagogiske materialet frå Livet og sånn. Vi har brukt nærområdet vårt med turar i fjøra der vi finn mykje spennande vi kan lære meir om. Sauene har fått lamm og vi tek turar for å sjå på korleis dei veks. Vi dyrkar potet, bønner og salat i plantekassene og då må vi sjølvsagt sjå korleis det veks. Og når bossbilen kjem er det kjempespennande å fylje med. Vi er flinke til å sortere og kaste der det skal og er sjølvsagt spente på om vi vert heldige vinnera når vi lagar mjølkekartongkubbar.