Oddhild Dybvik Aas
Det er Kreftforeningen som står bak Stafett for livet. Vi deltek for å heidre, støtte og heie på dei som vert råka av kreft i vårt nærmiljø. Saman kan vi gi dei håp og vise at dei ikkje er åleine.
Vi har hatt samling der vi har snakka om kva ordet «kreft» betyr og prøvd å ikkje lage det stort og skummelt. Mange har kome med tankar rundt dette, dei har hatt det nært seg. Heimane har også vore flinke å snakke med sine barn om det, noko vi har høyrt igjen i refleksjonar.
Ein stafett varer i 24 minutt. Vi både sprang og gjekk. Foreldra fekk informasjon på førehand og dei kunne sponse med eit enkeltbeløp eller 10 kroner per runde.
Vi er heilt overvelda over engasjementet til foreldre, besteforeldre og andre nære til barna. Vi sette oss eit mål på 2000 kroner, og det har vi allereie passert. Vi rettar ein stor, stor takk til alle.
Klikk her for å sjå korleis du kan gi eit bidrag.
Kreftforeningen har Stafett for livet også i Ålesund, på Spjelkavik stadion 7. og 8. september. Der kan alle delta.
Alle i barnehagen fekk diplom og eit lilla armband som viser vår solidaritet. Og etter stafetten såg vi Bamselegen på NRK Super om kreft.