Ferie

Ferie

Barna skal i løpet av barnehageåret ha fire veker ferie, og tre av desse vekene skal vere samanhengande ferie i løpet av sommarmånadane, jamfør vedtektene. Dei tilsette har rett å vite sin ferie 01.05, og styrar lagar ferieplan ut frå både føresette og tilsette sine ynskjer.

Sommarferie

Leikanger barnehage har fellesferie og dermed stengt i vekene 28-29-30-31. Har de bruk for at dykkar barn har meir ferie før desse vekene kan de bruke Myrsnipa barnehage etter avtale. De må då informere styrar i Leikanger om dette innan mars/april og det vert då formidla vidare til styrar i Myrsnipa.

Dei borna som skal starte på skule eller slutte i vår barnehage, må vere ferdig med sin ferie innan nytt barnehageår startar. Nytt barnehageår startar alltid i veke 32.

Føresette betalar barnehageplass for 11 månadar, og juli månad er fri betaling.

Påskeferie

Onsdag før skjærtorsdag er barnehagen alltid stengt, jamfør vedtektene. Måndag og tysdag forut, brukar styrar å spørje alle føresette kva behov dei har for barnehageplass. Dette gjer styrar for å kunne planlegge drifta på ein god måte.

Juleferie

Barnehagen har ope til og med 23. desember. Dagane mellom jul og nyttår er barnehagen stengt, jamfør vedtektene.