Foreldremøte

Foreldremøte

Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen varta barns behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling, jf. Barnehagelova § 1.

Barnehagen skal vareta foreldra sin rett til medverknad og samarbeide nært og i forståing med foreldra, jf. Barnehagelova §§ 1 og 4.

Samarbeidet mellom heimen og barnehagen skal alltid ha barnets beste som mål. Foreldra og barnehagepersonalet har eit felles ansvar for at barnet skal trivast og utvikle seg, jf. «Rammeplan for barnehagar».

Kvar heim får tilbod om individuelle samtalar med pedagogisk leiar 2 gonar per barnehageår. Vi deler ut skjema som heimen kan fylle ut og levere til pedagogisk leiar før samtalen.

Skjema til samtale finn du her. (PDF, 95 kB)

Ved 4 års alder, får de innkalling til 4 års undersøking frå helsestasjonen. I forkant av denne, fyller barnehagen ut eit skjema som sendast til helsestasjonen. Dette er det same skjema som de får tilsendt frå helsestasjonen. Før vi sender frå oss skjemaet, har vi alltid ein gjennomgang med dei føresette, der de samtykker til informasjonen som vi deretter sender til helsestasjonen. På denne måten får helsesjukepleiar eit godt innblikk i barnet si utvikling, og de som foreldre blir meir budde. 

Barnehagen kallar inn til foreldremøter for alle føresette minst 1 gong i året. Kvar haust er fast, og så ser vi kva behovet er utover året. Vi har møtet felles med alle føresette og så bruker vi ha eit møte der foreldra til førskulebarna er med. Ved behov kan vi ta eit foreldremøte på vårparten og. Styrar møter på alle.

Kvar barnehage skal ha eit foreldrerådsstyre. Desse blir valt på hausten, av foreldra. Foreldrerådsstyret er med og arrangerer nyttige ting for fellesskapet vårt. Det kan vere sommarfesten og foreldrefesten på vårparten, kafedag eller  dugnadar.

Barnehagen har også eit Samarbeidsutval. Der sit 2 føresette, 1 tilsette, 1 frå Herøy kommune og styrar. Samarbeidsutvalet skal vere eit rådgjevande, kontaktskapande og samordnande organ. Samarbeidsutvalet skal fastsetje årsplanen til barnehagen. Andre viktig saker er til dømes forslag til budsjett eller driftsendringar.

Det er sjølvsagt mogelig å be om samtaler med styrar eller pedleiar når det er noko de ynskjer ta opp. Og så møtast vi i det daglige i garderobe ved bringing og henting der viktig informasjon vert gitt for til det beste for ditt barn.