Sjuke barn i barnehagen

Sjuke barn i barnehagen

Sjuke barn skal ikkje vere i barnehagen, det er like enkelt som det er vanskeleg. Det er ikkje alltid like lett å vite kva ein skal gjere, men det aller viktigaste er å sjå på allmenntilstanden til barnet. Er barnet i dårleg form, vil det ikkje ha nokon god dag i barnehagen. De skal også vere trygge på at barnehagen ringer om barnet ditt viser seg å ikkje vere i god form.

Dette gjeld:

  • Har barnet feber skal det vere heime, og kan kome tilbake til barnehagen etter 24 t feberfri. Altså ha ein dag feberfri heime etter ei sjuke.
  • Har barnet oppkast/diarè skal barnet vere heime i 48 t etter siste tilfelle.

Desse 2 punkta er viktige for barnet dykkar, og for smitte i barnehagen. Vi brukar å skrive på tavla i garderoben om vi har gåande noko smitte og det vil og verte publisert på Nyheiter i Edlevo.

Vi ønsker at alle barn og foreldre vaskar seg på hendene når de kjem i barnehagen om morgonen. Badet ligg i tilknytning til inngangspartiet og det står også handsprit på hylla rett ved denne døra.

Informasjon frå Folkehelseinstituttet