Tilvenning

Tilvenning

Barnehageopptaket blir klart midt i mars månad kvart år.
Barnehagen sender ut invitasjon til ein besøksdag for dei nye som skal starte opp, tidleg i juni. Då får de og ein del skriftleg informasjon om barnehagen, oppstart, ulike rutinar m.m. Dette vert det mogelig å stille spørsmål om på besøksdagen om de ynskjer dette, i tillegg til når dykkar barn startar i barnehagen.

På besøksdagen får de møte dei pedagogiske leiarane som skal vere i barnehagen eller på avdelinga til barnet ditt, og de får sjå og helse på andre av personalet og nye føresette også. Alle får litt tid til å sjå seg rundt, leike litt og stille spørsmål.  Då lagar de også avtalar med personalet for oppstarten til hausten og gir eventuell viktig informasjon vedrørande dykkar barn.

Det er viktig å sette av tid til barnet og barnehagen dei første vekene på hausten. Ingen barn er like, og vi må i samråd sjå korleis ditt barn venner seg til alt det nye. Derfor kan vi ikkje seie nøyaktig kor lang tid den enkelte kjem til å bruke. Barnet, og kva det treng er det viktigaste, og vi skal tilpasse etter så lenge barnet treng. De som føresette er svært viktige i all informasjon til oss, de kjenner barnet best!