Besøk av påskeharen

Besøk av påskeharen

Barna står i ring rundt påskeharen - Klikk for stort bilete Personalet i Moltu barnehage

I dag fekk barna i Moltu barnehage besøk av påskeharen. 

Barna fekk i dag besøk av påskeharen Lepus og han fortalte barna at han var litt lei seg. Påskeharen hadde mista 100 påskeegg i barnehagen då han overnatta under treet vårt i natt. Desse ville han gjerne ha hjelp til å finne att sidan han er så glad i dei fargerike påskeegga sine. 

Barna ville sjølvsagt hjelpe Lepus med å finne att egga. Det utløyste ein stor leiteaksjon i barnehagen for barna ville at Lepus skulle verte glad igjen. Barna var utrolig engasjert og hjelpsomme med Lepus. Dei fann alle 100 påskeegga. Lepus vart utrolig glad for å få att alle påskeegga sine. Han vart så glad at barna fekk ein liten overrasking som takk for den gode hjelpa.

Etter eggjakten vart påskeharen med inn i barnehagen. Der fortalte han barna om kvifor han vert kalla for Påskeharen og kan leggje egg. Det var ei spennande og kjekk fortelling for store og små.