Flott tur til Kvia

Flott tur til Kvia

Fantastisk utsikt frå Kvia - Klikk for stort bileteFantastisk utsikt frå Kvia Ansatte i Moltu Barnehage

Det var ein sprek gjeng frå Moltu Barnehage som gjekk heile turen opp til Kvia i går. Det var eit stykke å gå, men det gjorde ingenting, for det var så mykje spennande å sjå og finne på vegen opp. Barna var så stolte av seg sjølve når dei kom opp til Kvia. Då fekk dei ein velfortjent kvil og kosa seg med nistemat i det nydelige veret.