Heldige vinnarar i Moltu barnehage

Heldige vinnarar i Moltu barnehage

Det var stor stas då Moltu barnehage fekk besøk av Granne forsikring som hadde med seg flotte gåver til alle barna.

Ein gruppe barnehagebarn sit på gulvet og jublar over gåver dei har fått. - Klikk for stort bileteDet var stor jubel i barnehagen då gåvene frå Granne Forsikring vart utdelt. Personalet i Moltu barnehage

Barnehagen fekk ein oppringing på telefonen forrige veke. I andre enden kunne ein høyre stemma til Fred Hansen frå Granne forsikring. Han fortalte at dei som jobba i Granne Forsikring er opptekne av sikkerheit langs vegen og derfor hadde ute ein konkuranse på å dele ut refleksvestar til 1.- og 2. klassingar, barnehagar eller idrettskular. 

Hansen fortalte vidare at nokon hadde nominert Moltu barnehage og at vi var ein av dei heldige vinnarane.  Det var jammen stas og kom som ei gledeleg overrasking på både store og små i barnehagen.

Flott gåvedryss

I går fekk barna prøve dei nye refleksvestane og dei tykte dei var “fole fine” og enkle å få på seg sjølve.  Dei gleder seg til å få bruke refleksvestane neste gong dei skal på tur i nærmiljøet. 

Men Granne Forsiking kom ikkje berre med nye stilige refleksvestar. Dei hadde også med matboksar og magnetisk klipsrefleks til alle barna. Det utløyste ein stor jubel hos alle saman. Matboksene hadde også ein veldig fin tekst på lokket; “Utan mat og drikke, duger helten ikkje”. Barna var skjønt einige om at desse matboksane passa perfekt til å ha med seg niste i på tur for dei går jo som nokre heltar. 

Tusen takk

Store og små i Moltu barnehage vil berre takke Granne Forsikring for dei flotte gavene vi har fått. Og ikkje minst vil vi takke vedkomande som nominerte barnehagen til konkuransen. Nokre av barna trur at det er den gode trafikkvennen vår Tarkus som gjorde det sidan han er så opptatt av at barna må bruke refleks. Men personalet klør seg litt i hovudet for det er framleis eit mysterium kven det er som nominerte barnehagen…