Storstilt strandrydding på Moltu

Storstilt strandrydding på Moltu

Måndag 30. oktober fekk barna i Moltu barnehage besøk av Norges Miljøvernforbund. 

Fleire barn og vaksne ryddar i fjæra. Dei har funne eit stort fiskegarn. - Klikk for stort bileteBarna fant eit kjempestort fiskegarn i fjøra som dei sjølvsagt ville fjerne. Personalet i Moltu barnehage

Dei tok oss med på tur i fjøra, der dei hadde “pop-up” undervisning for både store og små. Dette var veldig lærerikt og spennande. 

Norges Miljøvernforbund (NMF) har eit pågående prosjekt for å redusere den marin forsøplinga langs kysten vår. I år har NMF som mål å rydde langs kysten frå Stavanger og nordover mot Ålesund. Dei ryddar hovudsakleg frå april til oktober. Barna i Moltu barnehage er derfor veldig takknemlige for at dei rakk å dele sine gode kunnskapar med oss før NMF avsluttar årets ryddeaksjon.

Ta vare på naturen

I “pop-up” undervisninga fekk barna lære om kor viktig det er å ta vare på naturen. Hovudfokuset til NMF i dette opplegget var å gi barna kunnskap om marin forsøpling, det vil seie søppel, avfall og plast i havet og kystområde. Barna fekk kjennskap til at forsøpling utgjer ein fare mot havmiljøet og dyrelivet. 

Etter undervisninga vart barna med på strandrydding. Motivasjonen og engasjementet var det ikkje noko å seie på. Langs heile fjøresona kunne vi høyre barn som ropte “eg fann,  eg fann!” i rein Espen Askeladden-stil.  Barna fann alt frå plastflasker, posar, fiskeutstyr til batteri og anna søppel. Barna gjorde ein heilt fantastisk jobb med å fjerne søppel, og gjengen fra NMF var riktig så imponert over alle saman. 

Engasjerande og spennande

Undervisninga var utruleg engasjerande, spennande og formidla på ein pedagogisk måte som var forståeleg for barna. På vegen tilbake til barnehagen var forsøpling i havet det store samtaleemnet blant barna. Barna vart einige om at dei ikkje vil kaste søppel fordi det kan havne i havet, som er heimen til mange vakre fiskar, sjøstjerner, delfinar og “Bernard” (ei havsule dei fekk sjå i undervisninga). 

Barna snakka også om at når dei kastar søppel i havet, så kan fiskane og dyra verte sjuke og havet verte skittent, og det ønskjer dei ikkje skal skje. Vi vart einige om å alltid kaste søppelet vårt på land i ei søppelbøtte, for då kan havet og dyrene vere glade og friske.

Både store og små i Moltu barnehage vil rette ein stor takk til gjengen frå Norges Miljøvernforbund for ein spennande og lærerik dag. Barna vart så ivrige etter å rydde søppel at dei forlangte å få søppelposar, slik at dei kunne få rydde i nærområdet til barnehagen også.  Den internasjonale og kunnskapsrike gjengen frå NMF sådde truleg nokre frø hos framtidas komande miljøagentar denne dagen.