Om oss

Myrsnipa er ein kommunal barnehage med tre avdelingar. Vi har 50 barn dette barnehageåret. Barnehagen ligg sentralt i Myrvåg, mellom Fosnavåg og Ulsteinvik.

Barnehagen har romslege, lyse og trivelege lokale, og vi har eit fantastisk uteområde rundt heile barnehagen.

Vi er glad i uteliv. Fjøre, skog og fjell har vi like i nærleiken.

Vi har Myrvåg omsorgssenter som næraste nabo, og i år vart vi også ein Livsgledebarnehage. Vi besøkjer omsorgssenteret  til avtalte tider, og har aktivitetar ilag med dei eldre. Det gir livsglede begge vegar.