Språksatsing

Språksatsing

Herøy kommune og Myrsnipa barnehage er med i ei regional språksatsing, med Høgskulen i Volda som samarbeidspart.

Satsinga har desse kjerneelementa:

  1. Nynorsk
  2. Læringsmiljø, kompetanse, formidling
  3. Relasjonar, venskap, leik og læring
  4. Tospråkleg utvikling

Gjennom Språkløyper har vi tilsette jobba oss gjennom ulike temapakkar; med teori, refleksjon og mellomarbeid.

Personalet får også delta i kollegarettleiing på personalmøta, og dette er med på å gje oss eit felles språk og same verdigrunnlag.

TRAS er eit vurderingsverktøy som vi brukar for å vurdere om barn følger den språkutviklinga dei bør ha. Vi har sett som mål at alle 2- åringane skal ha utfylt eit TRAS-skjema.

Myrsnipa barnehage er dyktige på utviklingsarbeid, og dei tilsette får årleg kompetanseheving gjennom barnehagebasert utviklingsarbeid.