Historikk

Historikk

Myrsnipa barnehage vart bygd i 1993 av foreldra i bygdene rundt barnehagen. Foreldra gjorde avtale med Herøy kommune om at kommunen skulle ta over drifta av barnehagen innan 5 år. I 1999 tok Herøy kommune over barnehagen.

I 2007 fekk vi utvida leikeplassen vår. Vi gjorde makebyte med sjukeheimen og fekk meir areal på nedsida av barnehagen. No har vi delt leikeplassen med to gode portar, og så bytter vi på kvar vi leikar ute.

20.10.2008 flytte vi inn i ny avdeling, og vi vart 3 avdelingar. Vi hadde avdelingane Blåklokka og Røsslyng frå før, og den nye fekk namnet Kvitveis. Etter renovering av bygget i 2019, fekk vi ulike fargar på inngangsdørene, og litt lettare å finne riktig inngangsdør.

Nokre historiske bilder frå 1993 og 1999: