Måltid i barnehagen

Måltid i barnehagen

I rammeplanen for barnehagar, kan vi lese om mat og måltid under fagområde «kropp, rørsle, mat og helse.»  Der står det: «Barnehagen skal leggje til rette for at alle barn kan oppleve rørsleglede, matglede og matkultur. Gjennom medverknad i mat- og måltidsaktivitetar skal barna motiverast til å ete sunn mat og få ei grunnleggjande forståing for korleis sunn mat kan bidra til god helse.»

Der står vidare at personalet skal:

  • Bidra til at barna kan tileigne seg gode vanar, haldningar og kunnskapar om kost, hygiene, aktivitet og kvile.
  • Leggje til rette for at måltid og matlaging bidreg til måltisdglede, deltaking, samtalar og fellesskapskjensle hos barna.

I tillegg er retningslinjene frå Helsedirektoratet «Mat og måltider i barnehagen» eit viktig dokument som vi følgjer.

Alle førsette betalar kostpengar ilag med barnehageplassen til barnet sitt. Av desse pengane serverer vi frukost, lunsj og eit ettermiddagsmåltid.

Sunn kvardagsmat blir servert kvar dag. Det er grove brødskiver og knekkebrød med ulikt pålegg. Lettmelk med D-vitamin eller vatn får barna til drikke.

Youghurt får barna ein gong i veka, og elles får dei mykje frukt ilag med ettermiddagsmåltidet.

Varm mat lagar vi til alle bursdagane, og utanom det minst ein gong i veka. Det er personalet som set opp burdagsmeny, og så får borna velje innanfor dei rettane.

Borna på Kvitveis har sett opp eit pedagogisk sol, der dei deler tankane «Om det gode måltid for barna»