Aktivitetsdag

Åse Bårdsnes Dypvik

 

 

 

 

Å vere i lag på tvers av trinn gjer at vi blir meir kjende med kvarandre. Det gjer at det blir fleire å vere i lag med ute i friminutta. Vi håpe og trur at elevane skal kjenne på at dei høyrer til i fellesskapet på skulen vår. 

Det var ein kjekk dag på Nerlandsøy skule den siste torsdagen i august. Førebyggande arbeid i høve trygt læremiljø er noko som vi har fokus på i skulekvardagen. Vi arrangerte aktivitetsdag på skulen der vi delte elevane inn i grupper på tvers av trinn. Å vere i lag med andre enn dei i klassa, leike og løyse oppgåver i lag, gjer at vi blir godt kjende med alle elevane på skulen. Denne dagen spelte vi kanonball, kubb, brettspel, dansa og leika ringleik. I pausa grilla vi ute på skuleområdet.