Å vere på karneval er skikkelig gøy! I løpet av stunda i gymsalen fekk dei elevane som hadde lyst vise fram noko dei kan, det var framsyningar både av vaksne og elevar, og vi hadde fleire leikar. Ballongleik, strømpebukseleik, lakrisleik og kortskalle. Til slutt var det disko med høgt aktivitetsnivå, og imponerande innsats i limbodans.
På skulen har vi sidan jul også hatt felles foreldremøter for 1.-3.trinn og 4.-7.trinn. Vi opplever at det har vore svært gode og meiningsfulle møter. Å samarbeide med heimane er svært viktig for oss som skule. Tema på møta har vore trygt og godt læremiljø for alle, og korleis vi i laget rundt eleven kan hjelpe kvarandre for å få det godt til. Fellesskapet og mål om å lage gode fellesskap for alle, har vore sentralt på begge møta. Å kunne vere trygg i det fellesskapet ein er i, er avgjerande for læring og utvikling. Kjensla av tryggheit krevje noko av alle. Det kjem ikkje berre av seg sjølv. Vi på skulen, foreldra, andre elevar og eleven sjølv, er alle ein del av løysinga. Kva skal til for at vi skal kunne vere oss sjølv og fungere godt saman med andre? I trygge rammer kan ein utvikle mange ferdigheiter som ein treng i livet for å meistre både medgong og motgong. I eit fellesskap kan vi utvikle desse ferdigheitene betre enn om ein ikkje er ein del av eit fellesskap. Det er i samhandling med andre vi blir forma til dei menneska vi blir. Eit fellesskap for alle har vi når alle kjenner på tilhøyrsle, kjenner seg trygg, at det er føreseieleg, gir meining, opplever meistring, får respekt for den ein er, og at ein kan vere med å medverke i det som gjeld ein sjølv og fellesskapet. På foreldremøtet for 1.-3.trinn hadde vi med oss vårt tverrfaglege team frå skulehelsetenesta, PPT, barnevern og psykisk helse og rus. På møtet for 4.-7.trinn hadde vi besøk av mobbeombudet i Møre og Romsdal. Takk for godt samarbeid!
No er vi straks klar for vinterferie! Vi ynskjer alle gode dagar i lag😊