Foreldreskule

 

 

Måndag 25.september vart den fyrste foreldreskulen for elevar, foreldre, tilsette og andre samarbeidspartnarar på 1.trinn på Nerlandsøy skule arrangert. Det var startskotet for ei ny satsing i Herøyskulen, med mål om å legge til rette for eit enda betre og trygt samarbeid mellom heim og skule, og mellom heimane. 

På Nerlandsøy skule er det åtte elevar i fyrste klasse. Åtte elevar som skal vere saman i mange år framover. Eit trygt og godt skulemiljø er viktig for å kunne klare å yte og lære alle dessa åra. Kva kan vi vaksne rundt elevane gjere på kvar vår kant for at dei skal ha det best mulig både på skulen, i heimen, på fritida og på fritidsaktivitetar? Kanskje ulike arena for oss vaksne, men ein stor felles arena for elevane. Er det vanskeleg på ein arena, vil det påverke dei andre. Difor er det så viktig at vi vaksne rundt dei kan klare å samarbeide godt. PPT, helsestasjon og barnevern er instansar som skulen og heimane kan samarbeide med om noko vanskeleg oppstår. Å bli kjend med kvarandre, som foreldreskulen legg opp til, gjer det lettare å ta kontakt om vi treng nokre råd eller hjelp. Vi var saman to timar denne kvelden. To timar med gode refleksjonar og prat. Elevane i fyrste klasse hadde laga det så fint til med kveldsmat, som vi kosa oss med før vi gjekk heim. Då var det berre tannpuss som stad att før dagen var omme.