Førskuledag på Nerlandsøy skule

Lisa Aisato

 

Vi gler oss til å bli kjend med dei nye skulestartarane våre. Det er åtte born som skal starte i 1.klasse på Nerlandsøy skule til hausten. Torsdag 15.juni kl.09.00 tek vi i mot dei i lag med foreldra deira. Fyrste møte med skulen vår, er vi opptekne av skal bli så bra som mogleg. 

Førskuledag vil for elevane vere ein dag der dei møter skulekvardagen på Nerlandsøy skule for fyrste gong. Å øve litt på korleis det er å vere elev, bli litt kjend med medelevar og kontaktlærar, og møte fadderane sine på 6.trinn. Å kjenne at det er godt å kome til skulen vår er viktig. Vi håpe at det er nettopp det dei kjenner når dei kjem til oss. 

I det fyrste møte mellom skulen og heimen, vil vi informere foreldra om kva tilbod vi har, og kva moglegheiter vi har til eit godt samarbeid mellom heimen og skulen. Vi er opptekne av å lytte til foreldra, slik at dei kan få formidle sine forventningar, ynskjer og behov for barnet sitt. 

Eit godt samarbeid er eit felles ansvar for skulen og foreldra. Det første møtet håper vi kan vere ein god arena for å etablere eit godt og likeverdig samarbeid.