FAU på Nerlandsøy skule har i samarbeid med grendalaget, skulen og midlar frå Sparebankstiftinga, fått dette til. Som de ser er prosjektet no godt på veg, sjølve gapahuken og terassen er meir eller mindre ferdige. Det som står igjen er litt rekkverk, få på plass bord/benkar, gjere litt tilrettelegging av sti/tilkomst og beise gapahuken når vi får rette årstida for det.
Dugnadskontakt i FAU vil på vegne av både FAU og grendalaget rette ei stor takk til alle som har stilt opp på dugnad og hjelpt til med å realisere prosjektet. Utan den positive responsen frå foreldregruppa og andre i bygda hadde ikkje dette vore mulig!
No tek ein juleferie frå gapahukbygginga, men satsar på ny mobilisering litt ut på nyåret for å gjere ferdig det som er nemnt over.
Til våren blir det opningsfest 😊
Marcus Johannessen
Marcus Johannessen
Marcus Johannessen