Å lære å spele eit instrument, danse, male, forme eller synge er ikkje berre ein kunstform, men også ein viktig del av personleg utvikling. På kulturskulen sine nettsider les vi nettopp det. Vidare står det at kultur- og musikkutdanning ha stor påverknad på både ferdigheiter og sjølvtillit. Det er mange fordelar med å gå på kulturskule, og det kan påverke barnet ditt på ein positiv måte.
Det er alltid like kjekt å vere på kulturskulekonsert. Rytmer, lyd, song, bevegelse og entusiasme gjer noko med oss. Kulturskulen har engasjerte og genuint interesserte lærarar som i lag med elevane sine viser fram det flotte og varierte dei får til i lag.
Tusen takk for besøket!
Les meir om kulturskulen og korleis ein kan søkje plass her: Om oss | Herøy Kulturskule