Morgonstemning

Morgen rød gir aften blød eller morgenrøde drypper i hatt...

Gamle vèrteikn fortel oss det, men vi veit ikkje heilt om vi vil tru på det. Tida får vise... 

Elevane kjem tidleg om morgonen på Nerlandsøy skule. Skulebussen frå Kvalsvika kjem kl.07.45, og ein etter ein kjem enten på sykkel eller gåande i same tida. Det er fleire som synes det er viktig å kunne ta seg ei lita stund med leik og prat før ein startar dagen i klasserommet. Vi vaksne på skulen opplever at elevane synes det er kjekt å kome til skulen. Som vaksne og kunne ta dei i mot, seie God morgon!, høyre korleis dei har det, og vere tilstades i det sosiale om morgonen er gull verdt. Ein har tid til å prate om både det eine og det andre i denne tida. Så mange blide elevar og så mange gode smil. Likeeins er det kjekt å ta i mot dei foreldra som også tek seg ein tur på morgonen. 

Vi ynskjer alle ein nydeleg dag!