Alle elevane og tilsette på skulen samarbeidde om å luke vekk ugras, koste asfalt og leikematter, klippe greiner, spade grus på leikeområde, plukke søppel og mykje meir. Foreldra sendte med elevane utstyr og reiskapar så vi var i stand til å få gjort det meste, og fekk køyrd vekk både avfall og greiner.
Elevane var veldig engasjerte og hardtarbeidande. Å kunne vere ute og bruke kroppen gjer noko med oss. Vere i lag, dele engasjement og dele opplevinga av kva ein oppnår med hardt arbeid er ein god ting. Å kunne samarbeide med bygda og næringslivet er også ein viktig faktor. Skulen på Nerlandsøy er viktig for bygda, foreldra og elevane, og å kunne feire 17.mai på skulen sin er fint. Vi har ei engasjert foreldregruppe og eit grendalag, og i samarbeid med Kvalsund gartneri så er vi i år så heldige å få fritt levert både blomsterkasser, mold og blomster. Tusen takk til gartneriet for mold og blomster, og til grendalaget for blomsterkasser.
Vi ynskjer alle ei god 17.mai-feiring!