Skuleløp

Tradisjonen tru starta vi dagen med skuleløp på Nerlandsøy skule, fredagen før TV-aksjonen. I år sprang vi for å samle inn pengar til funksjonshemma som lever i fattigdom eller i krigsområder. 

1,3 milliarder menneske i verda har ei funksjonsnedsetjing. Mange av dei leve i fattigdom og har ikkje dei same muligheitene til utdanning, helsehjelp og arbeid som andre. I krigs- og konfliktområder er livet ekstra vanskeleg for funksjonshemma og væpna konflikt fører til at fleire blir skada. 

Pengane frå TV-aksjonen skal gå til skulegong, helsetenester og nødhjelp, samt hjelpemiddel som skulebøker med punktskrift, rullestolar og proteser. Vi skal gi 200 000 menneske med funksjonsnedsetting og familiane deira i Palestina, Ukraina, Etiopia, Nepal, Tanzania, Uganda og Zambia eit betre liv.

Å gjere noko for andre, og bidra til at andre kan få eit betre liv er ein fin ting å gjere. Elevane på Nerlandsøy skule ga alt også i år! :-)

https://www.spleis.no/project/454125