Sommarferie

Dei siste vekene før sommarferie har vi lagt til rette for fleire sosiale aktivitetar på Nerlandsøy skule. Det er ei fin tid, der vi har vore meir saman på tvers av trinn. 7.trinn har vore på teltovernatting på Herøy gard, og dei har invitert til fellessamling for heile skulen. Dei aller siste dagane før ferie har vi hatt kanonballturnering og pølsefest, med heimelaga cookies til dessert.  

Åse Bårdsnes Dypvik

Onsdag 14.juni reiste 7.trinn på teltovernatting på Herøy gard i det finaste sommarvèret. Det var fleire som var litt skeptisk, for rykta seier at spøkelset til Anna med barnet kan finne på å dukke opp. Det gjekk fint. Ingen utanforståande dukka opp, og elevane såg ut til å kose seg. Mykje søvn vart det nok ikkje, men dei fekk i staden gode opplevingar i lag med klassa si. 7.trinn skal vidare til ungdomsskulen, og dei takka seg sjølv av med ei skikkeleg artig samling der temaet var bloggarar innanfor sminke og mote, og læremiljø og klasseleiing på skulen siste halve året. Kreativt og humoristisk! Dei kjem til å bli sakna. 

Kanonballturnering vart fordelt på to dagar, og siste dag med finalerunde var mot dei vaksne på skulen. Her var det hard og jamn kamp til aller siste sekund, og det enda med at dei vaksne vann med knapp margin. Etterpå hadde vi pølsefest, med cookies til dessert. Godaste Kira i 6.klasse hadde baka til heile gjengen på Nerlandsøy skule dagen før. 

Takk for i år til elevar og foreldre!