Åse Bårdsnes Dypvik
Song, dans, challenge, tull og tøys høyrer med på siste skuledag. Kjensler av ulikt slag likeeins. Det er no berre slik at nokon gler seg til å flyge vidare, andre gruar seg, og andre gjer begge deler. 7.klassingane våre fekk skine litt ekstra i dag, på sin siste dag her hjå oss. Vi kjem til å sakne dei.
Hugs at du er unik, og at ingen er akkurat slik som du. Hugs at du lærer av alt, og at det å gjere feil av og til er heilt greitt. Hugs at du er god nok kvar einaste dag. Du kan vere stolt av deg sjølv, og tenk at andre kan lære noko av deg. Hugs å vise respekt for andre, og at du kan lære noko av andre. Ver snill og grei, og gjer ditt beste. Lukke til på ferda, kjære deg.
God sommar til alle frå oss på Nerlandsøy skule!
