Ta i eit tak for borna og ungdomen vår!

Nerlandsøy skule arrangerte denne veka foreldremøte for 4.-7.trinn, i samarbeid med FAU. Håvard Riise Kristiansen og Kaja Øydgard, frå førebyggande eining i Politiet, kom og snakka om alvorlege hendingar på Internett og på sosiale medie som kan skje med borna og ungdomane våre. 

Foreldre i dag vaks opp i ei tid som er heilt annleis enn den verda som borna veks opp i i dag. Vi vaks opp i eit samfunn der vi kanskje vart passa på av både foreldre, naboen og folk i bygda når vi var ute og leika.  Born og ungdom som veks opp i dag, er i eit samfunn delt mellom to verdener. Den verkelege verda og den digitale verda. Vi passar på borna og ungdomen vår i den verkelege verda, men normalen no er at vi ikkje passar likegodt på i den digitale verda. Det må vi gjere noko med! 

Born og ungdom kan både utføre kriminelle handlingar og bli utsett for kriminelle handlingar i den digitale verda. Konsekvensane kan bli svært alvorlege. Dette kan skje kven som helst, også dei som vi ikkje hadde trudd. 

Håvard og Kaja la fram døme på alvorlege saker, og viste til fleire nettsider og appar som dei frårådar at born og ungdom nyttar seg av.  Chatting i opne rom og private rom, som dei fleste sosiale medie legg til rette for, er plattformer som gjer at kontakt mellom kriminelle og born/ungdom er lett å få til.  

Kreativitet, leik og samhandling med andre er svært viktig for utvikling. Barn og ungdom i utvikling treng kvile, dei treng kvile frå skjerm for å utvikle kreativiteten og sosiale ferdigheiter. Skjermbruk gjer at hjerna går i høggir, og får ikkje den kvila som trengst. 

Politiet kjem med ei sterk oppmoding om at vi saman må stå opp for borna og ungdomen vår. Vi som står dei nærast, har den største påverknaden. Ver foreldre, sett grenser, pass på, ver den kjipe, ver den tydelege og varme vaksne. Lag eit miljø heime der borna kan kjenne seg trygge på å kunne snakke med deg, om dei opplever vanskelege ting. 
Her er lenkje til både digitalt foreldremøte frå Sunnmøre politidistrikt og nettsida "Alene hjemme på nettet". Vi oppmodar alle foreldre til å sjå!

https://www.youtube.com/watch?v=LL9dSJZ751g

https://www.dr.dk/drtv/serie/alene-hjemme-paa-nettet_440656