Temakveld om barn og mediebruk
Måndag 9.desember fekk vi besøk av Stefan N.Halck frå Barnevakten. Ei engasjerande, og lærerik økt for tilsette og foreldre på 1.-3.trinn.
Temakvelden hadde bevissgjering kring mediebruk som mål. Vi vil alle at barn og unge skal bruke medier på ein trygg måte, og det å lære dei å ta gode val i den digitale verda treng borna oss vaksne til. Kva er smarte val? og korleis kan vi vaksne bidra til å ta smarte val? Stefan satt fokus på både sosiale medie, spel, aldersgrenser og skjermtid. Ingen peikefinner, for vi vaksne sit i same båt og det er mange som kjenner på både frustrasjon og makteslause i møte med den digitale verda. Å møtes som foreldre og snakke saman om mediebruk, kan bidra til at ein kanskje klarer å lage seg nokre felles reglar, som igjen kan gjere det lettare å vere ein tydeleg vaksen.
https://www.barnevakten.no/tema/