Tør å seie i frå!

Tør å seie i frå! Då viser du mot. Det viser at du har eit stort hjerte for andre.  Alle har eit ansvar for at alle skal ha det bra. Å seie i frå til ein vaksen du stoler på eller kontakte politiets nettpatrulje kan vere både klokt og bra. Pål Inge Olsen frå førebyggande eining i politiet besøkte Nerlandsøy skule i dag, og tok opp tema som omhandla det å ta vare på kvarandre, stå opp for seg sjølv og andre, oppføre seg fint mot kvarandre, og halde seg til lovar og reglar i samfunnet. 

Livet er av til og tungt, av og til lett, av og til sånn midt i mellom. Slik er det med oss alle. På ein tung dag kan mykje bli lettare om ein blir møtt med eit “HEI”. Pål Inge Olsen fortel kor viktig det er å ta ansvar for fellesskapet, ta ansvar for seg sjølv og ta ansvar for andre. Det skal vere trygt å vere elev på Nerlandsøy skule. Kven har ansvaret for det? Det har alle som har noko med skulen å gjere ansvaret for i lag. Tilsette, elevar, føresette, bygda og Herøy kommune. Å vere ein del av fellesskapet og kjenne seg trygg er førebyggande på kriminalitet. Pål Inge Olsen tok opp tema som netthets og mobbing, biletdeling på nett, å snakke med framande på nett, “challenge” på Tiktok og Snap, stjeling og skadeverk. Vi hadde ei viktig, konkret og tydeleg stund i lag med Pål Inge i dag. Takk for besøket!