Tor med hammaren

 

Forteljar - og teaterverkstad med Olla Rypdal var både gøy, kreativt, spanande og lærerikt. 2.-4. klasse fekk verkeleg utfalde seg. Og kva skal ein med kulisser når ein kan bruke kroppen og lage dei sjølv? 

Forteljar- og teaterverkstad med Olla Rypdal ga elevane muligheit til å utfalde seg og leike den artige historia om Tor med hammaren frå norrøn mytologi. 

Vi starta opp med oppvarmingsleikar for å få opp energien og få felles fokus. Deretter fortalde Olla historia om den gongen guden Tor mista hammaren sin. Saman illustrerte dei historia med forteljing, lyd, replikkar og kulissar. 

Til slutt fekk elevane framføre historia til 1. klasse. Takk for besøket!