Vi støttar TV-aksjonen 2023!

I soloppgong og i kald frisk luft, sprang elevane på Nerlandsøy skule i dag 278 runder til saman, i skuleløpet på Kvalsund. For ein innsats og for eit engasjement! Det gir ei god kjensle å vere i lag med born som bryr seg om andre born, og er opptekne av at alle må ha det så godt som mulig.  

Om ein bur i Noreg, eller kva som helst anna land, så er vi opptekne av at alle skal ha det bra. Redd Barna er ein organisasjon som har arbeidd for å beskytte born i krig i over hundre år. Deira arbeid er tufta på FNs konvensjon om barnerettane. Nerlandsøy skule støttar Redd Barna i dette arbeidet med å arrangere skuleløp.  

Vi har oppretta Spleis, og har allereie fått inn bidrag. Tusen takk! Om det er fleire som ynskjer å bidra så fylg lenkja under.  

 https://www.spleis.no/project/235880