Opning av gapahuken på Kvalsund

Opning av gapahuken på Kvalsund

Torsdag 19.juni var det offisiell opning av gapahuken på Kvalsund. Sjølv om veret var så som så, vart det likevel ei veldig fin og kjekk stund for både skule, foreldre og bygdefolk. Vi er jammen heldige som har ein så flott gapahuk rett ved skulen. 

Opninga vart innleia med flott song og innlevelse av skulekoret. Dugnadskontakt i FAU på skulen, Marcus Johannessen, fortalde om prosessen frå ide til gapahuken som vi no har. Det har vore eit samarbeid mellom foreldre, skulen og grendalaget, samt ulike aktørar som har bidrege økonomisk. 

Etter at ideen kom opp, var det avgjerande at vi fekk Andre Fugledal Kvalsund til å både teikne og bygge store delar av gapahuken. Grendalaget v/Torbjørn Hide har stått for søknadar, og Sparebank 1 har støtta prosjektet raust med midlar. Skulen har bidrege med midlar etter inntekt frå tidlegare kafedag. 

Det er mange som fortener ein stor takk for at prosjektet har kome i hamn. I tillegg til dei som er nemnd, så har grunneigarane på Kvalsund vore positive og stilt området til disposisjon.  Foreldre på skulen og folk elles i bygda har velvillig stilt opp på dugnad.  

Kvalsund gartneri har sponsa port og Teigenes og Teigelia vel har kjøpt inn rastebord.  Dei tilsette på Herøy produksjon har til og med pynta opp gapahuken med produkt dei har laga. 

Skulen har fått seg ein flott stad å gå til, både for turen sin del og som arena for uteskule. Det er med på å berike skulekvardagen for elevar og tilsette på skulen. 

Tusen tusen takk til alle:-)

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete