13. februar: Lær å møte menneske med demens

Møter du kundar i jobben din? Kom på kurs om korleis vi tar imot menneske med demens på ein god måte.

Denne artikkelen er over eitt år gamal og kan ha utdatert informasjon.
personar på kurs - Klikk for stort bileteKursdeltakarar som har kundekontakt i ulike bransjar. Bildet er frå det første kurset vi heldt. Gry Dragsund-Vike

Vi inviterer deg og dine kollegaer til eit gratis kurs for å auke kunnskapen om korleis vi kan møte personar med demens i kvardagen.

Når fleire i samfunnet kan litt meir om demens, blir det lettare å leve med sjukdomen. Vi har avtale med Nasjonalforeininga for folkehelse om at Herøy skal bli eit meir demensvennleg samfunn. Det kan alle bidra til!

Alle som har kundekontakt i jobben sin er velkomne på kurset. Vi har sett opp eit nytt kurstidspunkt – det førre blei avlyst på grunn av uver.

Tid: 13. februar klokka 18.00–19.30 

Stad: Thon Hotel Fosnavåg

Meld deg på ved å sende e-post til adressa demensvennlig.samfunn@heroy.kommune.no.

Påmeldingsfrist: 12. februar

Vi håpar å sjå deg på kurset!