Martin Hauge-Nilsen
Budsjettframlegget inneheld
- eit budsjett for det neste året
- ein fireårig økonomiplan
- prioriterte tiltak for dei komande åra
- ein tiårig investeringsplan
- eit klimabudsjett
Vegen mot vedtak i kommunestyret
Slik er prosessen vidare:
- Framlegget går først til formannskapet.
- Så blir framlegget behandla i råda og utvala våre.
- Deretter behandlar formannskapet framlegget på nytt og sender det ut på høyring.
- I høyringa kan alle som bur i Herøy seie sitt om framlegget.
- Til sist gjer kommunestyret endeleg vedtak i møtet sitt den 12. desember.
Historisk stort underskot
I innleiinga til budsjettframlegget skriv kommunedirektøren mellom anna dette:
«Herøy kommune har over tid hatt for høge driftsutgifter i forhold til inntektene. Kommunen hadde i 2023 eit historisk stort underskot. Det er vedteke at meirforbruket på vel 21 millionar kroner skal dekkast inn i løpet av 2024 og 2025. Disposisjonsfondet vårt er tomt og det er vedteke tøffe politiske kutt for å forsøke å få til ein meir berekraftig økonomi.
Budsjettforslaget har fleire kostnadsreduserande tiltak, i tillegg til forslag om eigedomskatt, for å finansiere framtidas behov for å investere i nytt omsorgssenter, skulebygg og ei ny barnehageavdeling. Økonomien vår må vere berekraftig. Inntektene kan ikkje vere mindre enn utgiftene.
Sjølv om økonomien er stram, er det all grunn til å vere stolte over det gode arbeidet som er og blir gjort av dei engasjerte og kunnskapsrike medarbeidarane våre. Det er viktig for meg å tydeleg anerkjenne den innsatsen som dyktige tilsette og ambisiøse politikarar gjer.»
Opne budsjettframlegget her.