Dei har laga den første digitale bøssa til tv-aksjonen

Bergsøy skule står bak den første digitale bøssa i Herøy. Lag ei digital bøsse og samle inn pengar, du òg!

ein lærar med ei gruppe elevar - Klikk for stort bileteLærar Cecilie Zahl og elevane hennar har den digitale bøssa klar. Svein Arne Orvik

«La barn leve, lære og leike i fred» er overskrifta til tv-aksjonen. Pengane går til Redd barna. I år går Herøy over til å samle inn pengar med digitale bøsser. 

Bergsøy skule har laga den første av dei digitale bøssene i Herøy. Etter haustferien skal dei ha løp på skulen til inntekt for aksjonen. 

Tv-aksjonskomiteen oppmodar alle om å gjere som dei og opprette ei digital bøsse! Både privatpersonar, lag, foreiningar, bedrifter og andre verksemder kan opprette bøsser. 

Kva er ei digital bøsse?

Ei digital bøsse er ei personleg innsamlingsside på nett. Bøssa blir oppretta når du registrerer deg. Kvar bøsse har si eiga adresse på spleis.no. 

Du samlar inn pengar ved å dele bøssa på for eksempel sosiale medium og SMS. Send gjerne bøssa til venner, familie, naboar og andre kjente.

Dei som skal gi brukar bankkort eller Vipps.

Vil du ha besøk av bøsseberar, må du bestille

Fordi vi går over til digitale bøsser, må du gi beskjed dersom du vil ha besøk av ein bøsseberar på døra. Ønsker du besøk, må du ringe 99 21 00 20.

Du må ringe seinast 15. oktober. Ringer du, så stiller vi!

Sparebanken Møre er vår tellebank for det som blir samla inn på dørene.