Frå venstre: Assisterande statsforvaltar Rigmor Brøste, statsforvaltar Else-May Botten, Rosanna Johannisson, Ieva Konona, varaordførar Karl-Oskar Sævik.
Lena Skattum Sandvik / Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
Saman med nye statsborgarar frå heile fylket blei Konona og Johannisson ønskte hjarteleg velkomne i det norske fellesskapet. Varaordførar Karl-Oskar Sævik representerte Herøy kommune under sermonien som Statsforvaltaren heldt i Molde.
Der fekk dei nye statsborgarne ei rose og ei bok og sa fram truskapsløftet til Noreg:
«Som norsk statsborgar lover eg truskap til mitt land Noreg, og det norske samfunnet. Eg støttar demokratiet og menneskerettane og vil respektere Noregs lovar.»
– Integrering skjer når du aktivt tar del i demokratiet, i arbeidslivet og organisasjonslivet. Noreg er eit av verdas beste land å bu i, velkomen i det fine, norske fellesskapet, sa statsforvaltar Else-May Botten i talen sin.
Botten oppmoda alle til å arbeide for å ta del i det norske samfunnet.