Finn di friluftsglede med Stikk UT!

Sjå lista over dei lokale Stikk UT!-turane her. Du kan registere din tur både i appen og på nettsida. God tur!

dronebilde over Herøy gard - Klikk for stort bileteHerøy gard er eit av Stikk UT!-turmåla i Herøy. Svein Arne Orvik

 

Turane finn du i kartbrosjyren som blir levert i postkassene til alle innbyggarane i fylket. Om du ikkje har fått kartet, er det lagt ut kart i servicetorget i kommunen til utdeling.

Stikk UT! er ein turtrim for Møre og Romsdal og nokre andre stader i landet. Det er gratis å delta. Sesongen varer fra 1. mai til 31. oktober. 

For å vere med må du opprette ein brukar og registrere turane dine i Stikk UT!-appen eller på nettsida. I appen finn du også gode turforklaringar med kart og gps-spor.

På nettsida finn du også kart over turmåla.

Her ser du korleis du lastar ned appen.

Stikk UT!-appen har gått gjennom ei fornying det siste året og framstår no som brukarvenleg, det er lett å finne turmål i nærleiken av der du er og det er enkelt å registrere turmåla.

– Ta omsyn til dyr, plantar og menneske

Hilde Ellingsæter (Sunnmøre friluftsråd) og Liv Synnøve Hoel (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal) er Stikk UT!-ansvarlege i Møre og Romdal. - Klikk for stort bileteHilde Ellingsæter (Sunnmøre friluftsråd) og Liv Synnøve Hoel (Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal) er Stikk UT!-ansvarlege i Møre og Romdal. Sunnmøre friluftsråd

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

– Vis omsyn til natur, dyr og menneske. Parker som tilvist, hald hunden i band og lat att grinder. Då blir det mykje trivelegare for alle, seier Hoel og Ellingsæter. Dei understrekar spesielt dette med at hundar må haldast i band for ikkje å skremme hekkande fugl eller dyr på beite.

Årets Stikk UT!-turar i Herøy

  • Blåfjellstien Moltustranda
  • Byvandring rundt Våje, Fosnavåg
  • Dyrkyrkja frå Stemmedalen
  • Eggesbøvegen til endes
  • Herøy gard
  • Hillehornet/steinen
  • Hornseten 
  • Igesundhetta
  • Lysløypa på Leikong
  • Rjåhornet frå Djupvika på Gurskøy
  • Sævikhatten
  • Skåla på Gurskøya
  • Sollida frå Frøystadskaret
  • Storehanen på Moltu
  • Storevarden Nerlandsøy

 

Her kan du laste ned kart frå heile distriktet.  Det er også laga forslag til turliste for sunnmøre og Vestnes. (PDF, 247 kB)

Kommunekontakter

Kommunane sine kontaktpersonar er bindeleddet mellom friluftsrådet og dei frivillege, og er sjølve navet i Stikk UT!-arbeidet.

F.v.: Gudrun Wangsmo og Tove Sperre (Sykkylven), Leif Ringstad (Ulstein), Elisabeth Flåskjær Kjerstad (Sula), Nina Nordang (Haram), Emilie Glas (Ålesund), Hilde Ellingsæter (Sunnmøre friluftsråd), Torill Morsund Huse (Ålesund), Mathilde Solbakken (Ålesund) og Kristi Linge Stakkestad (Fjord). Framme f.v.: Kristin Myrene (Herøy), Kristine Sofie Orheim Hansen (Volda), Birgit Vollen (Vestnes), Randi Irene Helgøy (Vanylven) og Kai Oskar Eidsvik (Ålesund). - Klikk for stort bileteF.v.: Gudrun Wangsmo og Tove Sperre (Sykkylven), Leif Ringstad (Ulstein), Elisabeth Flåskjær Kjerstad (Sula), Nina Nordang (Haram), Emilie Glas (Ålesund), Hilde Ellingsæter (Sunnmøre friluftsråd), Torill Morsund Huse (Ålesund), Mathilde Solbakken (Ålesund) og Kristi Linge Stakkestad (Fjord). Framme f.v.: Kristin Myrene (Herøy), Kristine Sofie Orheim Hansen (Volda), Birgit Vollen (Vestnes), Randi Irene Helgøy (Vanylven) og Kai Oskar Eidsvik (Ålesund). Sunnmøre friluftsråd