Herøy-skulen i landstoppen

Elevar som trivst og lærarar med rett kompetanse. Det er blant dei viktigaste grunnane til at Herøy klatrar over hundre plassar på det nasjonale Kommunebarometeret.

elevar les i bøker - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik

den siste utgåva av avisa Kommunal Rapport heiter det: «Herøy klatrar heile 103 plassar på Kommunebarometeret og sikrar seg dermed 97.-plassen. Det er Møre-kommunens nest beste plassering nokosinne». 

Innanfor grunnskule ligg Herøy heilt oppe på åttandeplassen i landet. 

– Blant kommunane som klatrar mest

Kommunebarometeret er ei måling Kommunal Rapport publiserer kvart år. I barometeret blir alle kommunane rangerte etter 155 nøkkeltal frå tolv ulike sektorar. 

Herøy er i «Kommuneportrettet» i den siste utgåva, og der konkluderer avisa slik: 

«Herøy forbetrar seg i åtte av totalt tolv sektorar og er dermed blant kommunane som klatrar mest på årets kommunebarometer. Særleg i skulesektoren får Møre-kommunen ståkarakter, men Herøy gjer det også betre enn tidligare i dei store sektorane barnevern og barnehage. I tillegg kan kommunen vise til gode resultat innan sosialteneste og kostnadsnivå. Kommunen har framleis ein jobb å gjere når det gjeld å få kontroll på økonomien.» 

– Alle lærarane i ungdomsskulen oppfyller krava til undervisning

Avisa trekker fram skulesektoren og skriv dette om grunnskulen vår:

«Dette er blant kommunens beste sektorar dei siste åra. På årets kommunebarometer klatrar kommunen fleire plasser og ender til slutt på ein heiderleg 8. plass. Alle lærarane i ungdomsskulen oppfyller krava til undervisning, også i barneskulen er delen høgare enn i landet elles. I tillegg aukar delen lærarar med kompetanse til å undervise i norsk, engelsk og matematikk både i barneskulen og ungdomsskulen. Totalt 92 prosent av elevane på 10. trinn svarar at dei trivst på skulen. I 7. trinn svarar 89 prosent av elevane det same.»